Skjermbilde henta frå https://commission.europa.eu/topics/competitiveness/green-deal-industrial-plan/european-critical-raw-materials-act_en

Kvifor EU satsar på kritiske råvarer, og kva det betyr for oss

For å lykkast med det grøne skiftet treng Europa tilgang på råvarer som litium, kobolt, sjeldne jordartar og grafitt. Desse er heilt nødvendige for alt frå elbilar til databrikker. Problemet er at mange av desse råvarene i dag kjem frå få land, noko som gjer Europa sårbart dersom leveransane stoppar opp.

Critical Raw Materials Act (CRMA) er EUs svar på denne utfordringa. Målet er å bygge opp meir av verdikjeda i Europa, frå utvinning og prosessering til resirkulering. EU vil også redusere avhengigheita av enkeltland, styrke beredskapen og satse meir på teknologi og kompetanse som kan gjere råvarebruken meir effektiv.

Samtidig løftar regelverket fram sirkularitet og berekraft som heilt sentrale prinsipp. Meir resirkulering, betre utnytting av avfall og høgare krav til miljø og menneskerettar skal sikre at råvarene blir produserte på ein ansvarleg måte.

For Noreg, som har både ressursar, kompetanse og industri, opnar dette for nye moglegheiter i eit europeisk samarbeid som blir stadig viktigare.

Fem satsingsområde

  • Styrking av heile verdikjeda: EU skal bygge opp kapasitet til utvinning, prosessering og resirkulering av kritiske råvarer innanfor Europa.
  • Mindre avhengig av enkeltland: Import skal spreiast på fleire leverandørar for å redusere strategiske sårbarheiter.
  • Betre overvaking av risiko: EU etablerer system for å følgje med på forsyningsrisiko og handtere mogelege avbrot i leveransar.
  • Auka sirkularitet: Meir gjenbruk, resirkulering og effektiv ressursutnytting skal redusere behovet for ny utvinning.
  • Strategiske råvarer: 34 råvarer er definerte som kritiske, og 17 av desse er strategiske for grøne og digitale teknologiar som batteri, solceller, romfart og forsvar.

Les meir om Critical Raw Materials Act på EU-kommisjonen sine sider: https://commission.europa.eu/topics/competitiveness/green-deal-industrial-plan/european-critical-raw-materials-act_en