
Info
Dato: 9.–10. april 2026
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Tid: Frå lunsj til lunsj
På denne sida finn du:
Mineralkonferansen 2026
Framtidas mineralnæring – frå geopolitikk til lokal verdiskaping
Årets viktigaste møteplass for å utvikle framtidas mineralnæring
Mineralkonferansen 2026 samlar leiande aktørar frå politikk, industri, forsking og finans til to innhaldsrike dagar i Førde. Temaet er høgaktuelt: Korleis kan Noreg og Norden ta ei leiande rolle i utviklinga av ei moderne og berekraftig mineralnæring?
Bakgrunnen er klar: Verda treng meir mineral, og Noreg har både ressursane og kunnskapen. Men kva skal til for å sikre ansvarleg verdiskaping, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt?
For kommunar som vurderer eller står midt i mineralprosjekt, er dette ein unik arena. Her møter du m.a. kommunetoppane som har stått i frontlinja ved etableringa av Nordic Mining og gruvedrifta på Engebø. Bli med for å lære av deira erfaringar, diskutere kloke vegval og forstå korleis din kommune kan ta ei aktiv rolle i det grøne skiftet – frå geopolitisk strategi til konkret lokal verdiskaping.
Arrangørar: Hub for Minerals i samarbeid med Grøn Region Vestland, Invest in Fjordane, NHO og LO
Kvifor Sunnfjord?
Konferansen vert arrangert i Sunnfjord, i hjartet av den moderne norske mineralindustrien. Her ligg Engebø-prosjektet, det første nye mineralprosjektet på norsk jord på 40 år. Dette er eit av dei mest framtidsretta, moderne og miljøtilpassa gruveprosjekta i Europa.
Sunnfjord representerer noko større enn eit industriprosjekt. Det kan bli ein modell for korleis ressursforvaltning, lokaldemokrati og berekraft kan og må kombinerast. Difor er Sunnfjord også den rette arenaen for å diskutere korleis Noreg kan ta ei strategisk rolle i utviklinga av ein grøn, trygg og ansvarleg mineralnæring.
Program
Dag 1 – Geopolitikk, strategi og kapital
11.00–12.00: Registrering og lunsj
12.00–12.15: Offisiell åpning ved ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling
12.15-13.45: Geopolitisk kontekst – spelet om kritiske ressursar:
- Siri Martinsen, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet (Ap)
- Bård Ludvig Thorheim, stortingsrepresentant (H)
- Georg Riekeles, visedirektør i European Policy Center
- Karen Hanghøj, direktør British Geological Survey
13.45-14.15: Pause
14.15-15.45: Framtidas mineraløkonomi – frå råvare til marknad
- Christina Bu, generalsekretær i Norsk Elbilforening
- Hanne Markussen Eek, CEO i Franzefoss Minerals
- Ivar S. Fossum, rådgjevar
- Gaute Hagerup, regiondirektør Europa i Innovasjon Norge
15.45 – 16:15: Pause
16.15 – 17.00 Panelsamtale – oppsummering dag 1
- Moderator: Bård Bergfald, Bergfald Miljørådgivere
- Sunniva Rose, kjernefysikar og samfunnsdebattant (i tillegg til å vere konferansier)
- Bård Thorheim, stortingsrepresentant Høgre og medlem av næringskomiteen
- Erling Sande, stortingsrepresentant Senterpartiet og medlem av utdannings- og forskningskomiteen
- Hanne Markussen Eek, CEO i Franzefoss Minerals
- Ivar S. Fossum, rådgjevar og tidlegare CEO i Nordic Mining
- Alf Reistad, adm.dir. Rare Earths Norway
17.00 – 17.30 Presentasjon av Nærings- og ringverknadsanalyse av Nordic Mining si etablering i Sunnfjord
- Brage Slotnæs Wangen og Øistein Harsem, BDO
Kveldsprogram
18:30: Aperitiff
19.00: Festmiddag
Dag 2 – Lokalsamfunn, ringverknader og teknologi
08.00–08.30: Kaffe og nettverksbygging
08.30-08.45: Åpning ved tidlegare ordførar og rådmann i Naustdal kommune, Håkon Myrvang og Øyvind Bang Olsen, og Gunhild Berge Stang (styreleiar i Hub for Minerals)
08.45-9.45: Lokalsamfunn, aksept og ringverknadar
- Podcastinnspilling – Kommentarar til ringverknadsanalysen for Nordic Mining-prosjektet i regionen. Inn til kjernen med Sunniva Rose.
- Sveinung Rotevatn, dagleg leiar Bellona Norge
- Are Tomasgard, nestleiar i LO
09.45-10.00: Pause
10.00-11.15: Lokalsamfunn, aksept og ringverknadar
- Anna Guðbjört Sveinsdóttir, forskar og samfunnsgeograf ved Ruralis
- Alf Reistad, adm.dir. i Rare Earths Norway
- Sondre Olsen, fung. regiondirektør NHO Vestland
- Bjarte Rambjør Heide, direktør i Direktoratet for Mineralforvaltning
11.15 – 11.30 Pause
11.30-12.45: Innovasjon og teknologisk utvikling – under og over bakken
- Sveinung Rotevatn, dagleg leiar Bellona Norge
- Pål Runde, leiar for kritiske råmateriale i Eyde-klyngen
- Kenneth Nakken Angedal, Nordic Mining
- Frida Vonstad, CEO The Coring Company
12.45-13.00: Oppsummering og vel heim ved Sunniva Rose og Gunhild Berge Stang
13.00: Avsluttande lunsj og nettverksbygging
13.00 – 14.30: Besøk på Nordic Mining på Engebø etter konferanseslutt. Transport frå Førde. NB! Avgrensa plassar, så ver rask med å meld deg på (kryss av i påmeldingsskjema).
Foredragshaldarar

Foto: NFD / David Berg Tvetene
Næringsminister Cecilie Myrseth
Myrseth har ansvaret for å utforme ein framtidsretta næringslivspolitikk. Ho vil i sitt hovudinnlegg sette den norske mineralstrategien inn i ein internasjonal kontekst, og peike på viktige vegval.

Foto:
Konferansier Sunniva Rose
Kjernefysikar, samfunnsdebattant, rosanerd og formidlar med evne til å gjere komplekse tema både forståelege og engasjerande. Sunniva skal leie oss gjennom konferansen og sikre ei god ramme for samtalane.

Foto: Trond Isaksen
2. nestleiar i LO, Are Tomasgard
Tomasgard er 2. nestleiar i LO og har ansvar for næringspolitikk. Han har også ei koordinerande rolle i LO innan digitalisering, klima, miljø og sirkulærøkonomi, energi og beredskap.

Foto: BGS
Direktør i British Geological Survey, Dr Karen Hanghøj.
Karen Hanghøj er geolog med omfattande erfaring innan forsking, innovasjonsleiing og mineral- og metallindustrien. Karen er oppteken av å forstå kompleksiteten i ressursforvaltning, av miljømessig og sosial berekraft, og av rolla geofaga spelar i å finne løysingar på samfunnsutfordringar.
Karen har ein doktorgrad i geologi frå University of Copenhagen og har arbeidd med forsking på geologiske prosessar i den nedre jordskorpa og mantelen, og dei tilhøyrande mineralførekomstane, før ho gjekk inn i leiande stillingar i forskings- og innovasjonsmiljø. Ho er medlem av ei rekkje internasjonale komitear og arbeidsgrupper.

Foto: European Policy Centre
Ass. direktør i European Policy Centre (EPC), Georg E. Riekeles
Georg E. Riekeles er assisterande direktør i European Policy Centre (EPC), ein uavhengig Brussel-basert tankesmie.
Han har 18 års erfaring frå kjernen av EUs politikkutforming. Før han byrja i EPC, tilbrakte han elleve år i EU-kommisjonen, dei fem siste som diplomatisk rådgivar med ansvar for strategi og interinstitusjonelle relasjonar i Brexit-forhandlingane mellom EU og Storbritannia.
Før det arbeidde han i det interne policy planning-teamet til kommisjonspresidenten, som medlem av kabinettet til EUs kommissær for det indre marknaden, og i fransk embetsverk. Forskinga hans omfattar dagens geopolitiske og økonomiske omveltingar, EUs indre marknad, energi- og handelspolitikk, samt tryggleiks- og forsvarsspørsmål.

Foto: NHO
Sondre Olsen, fung. regiondirektør i NHO Vestland
Olsen har dei siste fire åra vore politisk rådgjevar i NHO Vestland, men er no konstituert regiondirektør. Han har bakgrunn som politisk rådgjevar for både Utenriksdepartementet og byrådet i Bergen. Han har også vore fylkessekretær i KrF.
Olsen er oppteken av å sikre gode prosessar i norsk mineralproduksjon. Les hans tankar om dette i denne artikkelen.

Foto: Franzefoss Minerals
CEO i Franzefoss Minerals, Hanne Markussen Eek
Hanne Markussen Eek er fjerde generasjon eigar i familieeigd kalkvirksomhet. Har jobba 32 år med mineral og 20 år i selskapet.
Markussen Eek har vore konsernsjef sidan februar 2020. Ho har styreverv i fleire selskap internt i konsernet og eksternt.
Markussen Eek var styreleiar i Norsk Bergindustri frå 2008-2015, sit i styret i NHO Trøndelag og Eierforum i NHO. Har stort engasjement for norsk mineralindustri og stort fokus på norsk eigarskap slik at vi sikrar
at mest mogleg av verdiskapinga blir i og tilfell Noreg. Dette krev kompetente politikarar som bidrar til å utvikle langsiktige mineralkommunar.

Foto: Norsk Elbilforening
Generalsekretær i Norsk Elbilforening, Christina Bu
Christina Bu har vore ein leiande forkjempar for elbilsatsinga i Noreg i over eit tiår. I 2024 blei ho anerkjent av TIME Magazine som ein av dei hundre mest innflytelsesrike klimaleiarane i verda.

Foto: Bergfald Miljørådgivere
Dagleg leiar i Bergfald Miljørådgivere, Bård Bergfald
Bård Bergfald er dagleg leiar i Bergfald Miljørådgivere. Han har ei brei kontaktflate mot miljøvernorganisasjonar, politikarar, industri og andre sentrale aktørar, og særleg god kompetanse innan miljøgifter, kjemisk industri og avfallshandtering.
Bård etablerte selskapet i 1993. Han har tidlegare arbeidd i Miljøstiftelsen Bellona, hovudsakleg med industriell forureining. I tillegg har han organisasjonserfaring frå Natur og Ungdom, NNV, PF og Forsvaret.

Foto: Sunnfjord Ap
Tidl. ordførar i Naustdal kommune, Håkon Myrvang
Håkon Myrvang var ordførar i tidlegare Naustdal kommune i perioden fram til etablering av Nordic Mining si gruve på Engebø. Han kjenner alle detaljane i prosessen, frå kommunal godkjenning av gruveplanane, arbeid med kommunedelplan, offentleg debatt, demonstrasjonar og politiske gjennomslag.
Myrvang er i dag varaordførar i Sunnfjord kommune, medlem av kommunestyret og formannskapet.

Foto: Kinn kommune
Tidl. kommunedirektør i Naustdal kommune, Øyvind Bang-Olsen
Øyvind Bang-Olsen var rådmann i tidlegare Naustdal kommune i perioden fram til etablering av Nordic Mining si gruve på Engebø. Han kan vise til viktig erfaring med m.a. kommunal planprosess, kommunedelplan, samspel med sentrale myndigheiter, offentleg debatt og demonstrasjonar. Møt Bang-Olsen på konferansen.

Foto:
Senior rådgjevar, Ivar S. Fossum
Fossum er ein erfaren rådgjevar i gruve- og metallindustrien og ein nestor i mineralnæringa. Han var sentral i etableringa av Nordic Mining og mineralanlegget på Engebø i Sunnfjord, der han var CEO frå 2006 til 2025.

Foto: Stortinget
Stortingsrepresentant, Bård Ludvig Thorheim
Bård Ludvig Thorheim er stortingsrepresentant for Høyre frå Nordland og medlem av Næringskomiteen. Han er talsmann for eit raskare tempo i mineralutvinning i Noreg og for at gruvedrift bør utviklast som grøn industri. Han er uroa over Kinas posisjon og vil ha ei sterkare sjølvforsyning av råmateriale.
Møt han på Mineralkonferansen 2026.

Foto: Direktoratet for mineralforvaltning
Direktør i Direktoratet for mineralforvaltning, Bjarte Rambjør Heide
Bjarte Rambjør Heide leiar Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (DMF). DMF er fagorgan og sektormyndigheit for mineralressursar og mineralverksemd, organisert under Nærings- og fiskeridepartementet. DMF skal bidra til auka verdiskaping gjennom å legge til rette for ein langsiktig ressurstilgang basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og bearbeiding av mineralar i Noreg.

Foto: Sissel Forsberg
Dagleg leiar i Bellona Norge, Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn er dagleg leiar i Bellona Norge. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Sveinung har brei erfaring frå politisk arbeid, og har mellom anna vore stortingsrepresentant i to periodar, statssekretær i både Justis- og beredskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet, og klima- og miljøminister i perioden 2020–2021.

Foto: Nordlandsforskning
Forskar, Anna Guðbjört Sveinsdóttir, Ruralis
Anna G. Sveinsdóttir har ein Ph.D. i geografi frå University of Denver.
Hennar forsking fokuserer på samspelet mellom menneske, natur og samfunn, med særleg
vekt på naturressursar og deira betydning for samfunnet. Ho har undersøkt
interesse- og arealkonfliktar i det grøne skiftet, samt rettferdige planprosessar og
samfunnsansvar i mineralsektoren, både i Norge, USA og Latin-Amerika.
Sveinsdóttir har omfattande erfaring med internasjonale forskingsprosjekt,
inkludert arbeid relatert til kritiske mineral og energiomstillingar. For tida leiar ho prosjektet «Urgency and pressures in critical mineral extraction – Potentials and
pitfalls for just mining in Norway» (2025-2028), og ho har vore aktiv i fleire
prosjekt finansiert av Norges forskningsråd og EU Horizon 2020.
Ho har tidlegare hatt stillingar som seniorforskar ved Nordlandsforskning
(2021–2025) og postdoktor ved University of Illinois i USA (2019-2021). For tida er
ho forskar ved Ruralis – institutt for rural- og regionalforskning – samtidig som ho opprettheld ei bistilling ved Nordlandsforskning.

Foto: The Coring Company
CEO i The Coring Company, Frida Vonstad
Frida er grunnleggjar og administrerande direktør i The Coring Company. Ho har bakgrunn innan geoteknisk ingeniørfag, som ho studerte ved University of Oxford og University College London.
Frida starta selskapet med utgangspunkt i industrielle utfordringar ho avdekte gjennom doktorgradsforskinga si.

Foto: Innovasjon Norge
Regiondirektør Europa i Innovasjon Norge, Gaute Hagerup
Gaute Hagerup er ein erfaren innovasjonsleiar med solid bakgrunn frå internasjonal handel og utvikling. Han har lang røynsle med produktleiing og strategisk utviklingsarbeid, og har ein Master of Arts (M.A.) i organisasjonsstudium frå University of Warwick – Warwick Business School.
Kompetanseområda omfattar Vekst og Skalering, europeiske spørsmål, forretningsutvikling og berekraftig byutvikling.

Foto: Nordic Mining
Kenneth Nakken Angedal i Engebø Rutile and Garnet / Nordic Mining ASA
Kenneth Nakken Angedal har vore tilknytta Engebør Rutile and Garnet / Nordic Mining sidan 2018 – først som prosjektleiar, så som dagleg leiar. No er han over i ei spesialstilling i selskapet.

Foto: Eyde-klyngen
Pål Runde, leiar for kritiske råmateriale i Eyde-klyngen
Pål Runde er utdanna innen materialfysikk frå Universitetet i Trondheim og har over 20 års erfaring frå prosessutvikling og materialteknologi i internasjonale industriselskap som Saint-Gobain, Elkem og Alcoa. I Eyde-klyngen har han særleg fokus på bedre utnytting av industrielle sidestrømmar, gjenvinning av kritiske råmateriale og utvikling av sirkulære verdikjedar.

Foto: Rare Earths Norway
Alf Reistad, adm.dir. i Rare Earths Norway
Alf Reistad er administrerande direktør i Rare Earths Norway (REN), selskapet som utviklar den store førekomsten av sjeldne jordartar på Fensfeltet i Nome, Telemark. Under hans leiing har REN etablert seg som ein nøkkelaktør i europeisk mineralstrategi, med eit prosjekt som blir omtalt som den største kjende førekomsten av sjeldne jordartar i Europa.
Reistad har lang erfaring frå norsk næringsliv og leiing av teknologitunge verksemder. I REN arbeider han for å byggje ein berekraftig og konkurransedyktig verdikjede for kritiske mineral i Noreg, frå kartlegging og utvinning til vidareforedling og industriell bruk. Han er ein tydeleg stemme i debatten om råstofftryggleik, geopolitikk og korleis Europa kan redusere avhengigheita av importerte kritiske mineral.
Praktisk informasjon
Tid: Frå lunsj til lunsj, 9.–10. april 2026
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Transport: Førde har eigen flyplass og gode samband med dei største byane
Overnatting: Vi har reservert rom på konferansehotellet. Her kan du sikre deg deg eit av dei (eigen konferansekode).
Meld deg på!
Dette blir årets viktigaste møteplass for alle som jobbar med eller er nysgjerrige på framtidas mineralnæring og rolla den spelar i det grøne skiftet.
Sikre deg plass og overnatting i god tid!