BDO har på oppdrag frå Sunnfjord Utvikling kartlagt dei økonomiske og sosiale effektane av etableringa og den første driftsfasen til Engebø Rutile and Garnet (ERG). Analysen viser at prosjektet allereie har skapt omfattande ringverknader, både for næringslivet i Sunnfjord og for norsk mineralnæring som heilskap.
Betydelige effektar frå etableringsfasen
Etableringsperioden (2021–2025) har vore prega av høg aktivitet for leverandørar innan bygg og anlegg, maskin, elektro og tekniske tenester. Ifølgje BDO har denne fasen utløyst 1,8 milliardar kroner i indirekte verdiskaping, der 455 millionar kroner har tilfalle næringslivet i Sunnfjord.
Den sterke lokale verdiskapinga heng tett saman med høg bruk av lokale leverandørar, som gjennom prosjektet har styrkt både kompetanse, kapasitet og konkurransekraft.
Driftsåret 2025: Opptrapping og nye ringverknader
ERG er i 2025 inne i sitt første operative driftsår. Sjølv om oppstarten er prega av tekniske justeringar og store startkostnadar, noko som gir negativ verdiskaping i selskapet sitt eige rekneskap, viser analysen at drifta likevel skapar store samfunnseffektar.
BDO anslår at drifta i 2025 har bidrege til 200 millionar kroner i indirekte verdiskaping gjennom kjøp av varer og tenester, vedlikehald og støttefunksjonar.
Sysselsetjing og sosiale effektar
Prosjektet har hatt stor betyding for sysselsetjing både lokalt og nasjonalt:
- 1 400 indirekte årsverk i etableringsfasen (2021–2025)
- I 2025 skapte kvart direkte årsverk på anlegget 1,8 indirekte årsverk nasjonalt
- Totalt sysselsetjingsforhold i 2025: 2,8 årsverk per direkte årsverk
I tillegg har prosjektet bidrege til tilflytting, lærlingplassar, kurs, samarbeid med utdanningsinstitusjonar og nye teknologitunge arbeidsplassar i regionen.
Kompetanse, innovasjon og Hub for Minerals
BDO peikar på at ERG-etableringa har strategisk tyding for utviklinga av norsk mineralnæring. Særleg blir Hub for Minerals, etablert i samarbeid mellom ERG og Sunnfjord Utvikling, løfta fram som eit viktig initiativ for:
- kompetanseutvikling
- næringsutvikling
- kunnskap om sirkulær utnytting av restmineral
- samarbeid mellom industri- og mineralaktørar
Tilrådingar frå BDO
For å styrkje dei langsiktige effektane tilrår BDO at ERG og Hub for Minerals:
- vidareutviklar lokale leverandørar
- bidreg aktivt til kompetanseutvikling i regionen
- tek ei tydeleg rolle som pådrivar for innovasjon i mineralnæringa
- legg til rette for læring og samarbeid om sirkulære løysingar og industrielle symbiosar
Last ned full rapport
For dei som ønskjer å gå djupare inn i tala, metodikken og vurderingane, kan du lese heile rapporten her:
