Info

Dato: 9.–10. april 2026
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Tid: Frå lunsj til lunsj

På denne sida finn du:

Mineralkonferansen 2026

Årets viktigaste møteplass for å utvikle framtidas mineralnæring

Mineralkonferansen 2026 samlar leiande aktørar frå politikk, industri, forsking og finans til to innhaldsrike dagar i Førde. Temaet er høgaktuelt: Korleis kan Noreg og Norden ta ei leiande rolle i utviklinga av ei moderne og berekraftig mineralnæring?

Bakgrunnen er klar: Verda treng meir mineral, og Noreg har både ressursane og kunnskapen. Men kva skal til for å sikre ansvarleg verdiskaping, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt?

For kommunar som vurderer eller står midt i mineralprosjekt, er dette ein unik arena. Her møter du m.a. kommunetoppane som har stått i frontlinja ved etableringa av Nordic Mining og gruvedrifta på Engebø. Bli med for å lære av deira erfaringar, diskutere kloke vegval og forstå korleis din kommune kan ta ei aktiv rolle i det grøne skiftet – frå geopolitisk strategi til konkret lokal verdiskaping.

Konferansen vert arrangert i Sunnfjord, i hjartet av den moderne norske mineralindustrien. Her ligg Engebø-prosjektet, det første nye mineralprosjektet på norsk jord på 40 år. Dette er eit av dei mest framtidsretta, moderne og miljøtilpassa gruveprosjekta i Europa.

Sunnfjord representerer noko større enn eit industriprosjekt. Det kan bli ein modell for korleis ressursforvaltning, lokaldemokrati og berekraft kan og må kombinerast. Difor er Sunnfjord også den rette arenaen for å diskutere korleis Noreg kan ta ei strategisk rolle i utviklinga av ein grøn, trygg og ansvarleg mineralnæring.

Førebels program

11.00–12.00: Registrering og lunsj

12.00–12.15: Offisiell åpning ved ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling

12.15-14.15: Geopolitisk kontekst – spelet om kritiske ressursar:

  • Næringsminister Cecilie Myrseth (A)
  • Bård Ludvig Thorheim, stortingsrepresentant (H)
  • Georg Riekeles, visedirektør i European Policy Center
  • Karen Hanghøj, direktør British Geological Survey

14.15-14.45: Pause

14.45-16.00: Framtidas mineraløkonomi – frå råvare til marknad

  • Hanne Markussen Eek, CEO i Franzefoss Minerals
  • Bård Bergfald, dagleg leiar i Bergfald Miljørådgivere as
  • Ivar Fossum, rådgjevar
  • Gaute Hagerup, regiondirektør Europa i Innovasjon Norge.

16:00 – 16:45: Lansering av Nærings- og ringverknadsanalyse av Nordic Mining si etablering i Sunnfjord, v/BDO

18:30: Aperitiff
19.00: Festmiddag

08.15–08.30: Kaffe og nettverksbygging

08.30-08.45: Åpning ved Håkon Myrvang, Øyvind Bang Olsen og Gunhild Berge Stang (styreleiar i Hub for Minerals)

08.45-10.15: Lokalsamfunn, aksept og ringverknadar

  • Podcastinnspilling – Kommentarar til ringverknadsanalysen for Nordic Mining-prosjektet i regionen. Inn til kjernen med Sunniva Rose.
  • Sveinung Rotevatn, dagleg leiar Bellona Norge
  • Are Tomasgard, nestleiar i LO

10.15-10.45: Pause

10.45-11.30: Lokalsamfunn, aksept og ringverknadar

  • Per Øyvind Langeland, næringspolitisk direktør i NHO
  • Anna Guðbjört Sveinsdóttir, forskar og samfunnsgeograf ved Ruralis
  • Bjarte Rambjør Heide, direktør i Direktoratet for Mineralforvaltning

11.30-12.15: Innovasjon og teknologisk utvikling – under og over bakken

  • Sveinung Rotevatn, dagleg leiar Bellona Norge
  • Kenneth Nakken Angedal, Nordic Mining
  • Samarbeidsprosjekt om bruk av restmassar frå Engebø
  • Frida Vonstad, CEO The Coring Company

12.15-12.30: Oppsummering og avslutning

12.30: Avsluttande lunsj og nettverksbygging

13.00 – 14.30: Besøk på Nordic Mining på Engebø etter konferanseslutt. Transport frå Førde. NB! Avgrensa plassar, så ver rask med å meld deg på (kryss av i påmeldingsskjema).

Bekrefta foredragshaldarar

Næringsminister Cecilie Myrseth

Myrseth har ansvaret for å utforme ein framtidsretta næringslivspolitikk. Ho vil i sitt hovudinnlegg sette den norske mineralstrategien inn i ein internasjonal kontekst, og peike på viktige vegval.

Konferansier Sunniva Rose

Kjernefysikar, samfunnsdebattant, rosanerd og formidlar med evne til å gjere komplekse tema både forståelege og engasjerande. Sunniva skal leie oss gjennom konferansen og sikre ei god ramme for samtalane.

2. nestleiar i LO, Are Tomasgard

Tomasgard er 2. nestleiar i LO og har ansvar for næringspolitikk. Han har også ei koordinerande rolle i LO innan digitalisering, klima, miljø og sirkulærøkonomi, energi og beredskap.

Senior rådgjevar Ivar Fossum

Fossum er ein erfaren rådgjevar i gruve- og metallindustrien og ein nestor i mineralnæringa. Han var sentral i etableringa av Nordic Mining og mineralanlegget på Engebø i Sunnfjord, der han var CEO frå 2006 til 2025.

Per Øyvind Langeland, NHO

Næringspolitisk direktør, Per Øyvind Langeland, NHO

Langeland er næringspolitisk direktør i Næringspolitisk avdeling i NHO. I ei tid med stormaktrivalisering og krig på det europeiske kontinentet, vil han auke tempoet i mineralutvinning i Noreg.

CEO i Franzefoss Minerals, Hanne Markussen Eek

Hanne Markussen Eek er fjerde generasjon eigar i familieeigd kalkvirksomhet. Har jobba 32 år med mineral og 20 år i selskapet. 

Markussen Eek har vore konsernsjef sidan februar 2020. Ho har styreverv i fleire selskap internt i konsernet og eksternt. 

Markussen Eek var styreleiar i Norsk Bergindustri frå 2008-2015, sit i styret i NHO Trøndelag og Eierforum i NHO. Har stort engasjement for norsk mineralindustri og stort fokus på norsk eigarskap slik at vi sikrar 
at mest mogleg av verdiskapinga blir i og tilfell Noreg. Dette krev kompetente politikarar som bidrar til å utvikle langsiktige mineralkommunar. 

Tidl. ordførar i Naustdal kommune, Håkon Myrvang

Håkon Myrvang var ordførar i tidlegare Naustdal kommune i perioden fram til etablering av Nordic Mining si gruve på Engebø. Han kjenner alle detaljane i prosessen, frå kommunal godkjenning av gruveplanane, arbeid med kommunedelplan, offentleg debatt, demonstrasjonar og politiske gjennomslag. 

Myrvang er i dag varaordførar i Sunnfjord kommune, medlem av kommunestyret og formannskapet.

Tidl. kommunedirektør i Naustdal kommune, Øyvind Bang-Olsen

Øyvind Bang-Olsen var rådmann i tidlegare Naustdal kommune i perioden fram til etablering av Nordic Mining si gruve på Engebø. Han kan vise til viktig erfaring med m.a. kommunal planprosess, kommunedelplan, samspel med sentrale myndigheiter, offentleg debatt og demonstrasjonar.  Møt Bang-Olsen på konferansen.  

Stortingsrepresentant, Bård Ludvig Thorheim

Bård Ludvig Thorheim er stortingsrepresentant for Høyre frå Nordland og medlem av Næringskomiteen. Han er talsmann for eit raskare tempo i mineralutvinning i Noreg og for at gruvedrift bør utviklast som grøn industri. Han er uroa over Kinas posisjon og vil ha ei sterkare sjølvforsyning av råmateriale.

Møt han på Mineralkonferansen 2026.

Dagleg leiar i Bellona Norge, Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn er dagleg leiar i Bellona Norge. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Sveinung har brei erfaring frå politisk arbeid, og har mellom anna vore stortingsrepresentant i to periodar, statssekretær i både Justis- og beredskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet, og klima- og miljøminister i perioden 2020–2021.

Forskar, Anna Guðbjört Sveinsdóttir, Ruralis

Anna G. Sveinsdóttir har ein Ph.D. i geografi frå University of Denver.

Hennar forsking fokuserer på samspelet mellom menneske, natur og samfunn, med særleg
vekt på naturressursar og deira betydning for samfunnet. Ho har undersøkt
interesse- og arealkonfliktar i det grøne skiftet, samt rettferdige planprosessar og
samfunnsansvar i mineralsektoren, både i Norge, USA og Latin-Amerika.

Sveinsdóttir har omfattande erfaring med internasjonale forskingsprosjekt,
inkludert arbeid relatert til kritiske mineral og energiomstillingar. For tida leiar ho prosjektet «Urgency and pressures in critical mineral extraction – Potentials and
pitfalls for just mining in Norway» (2025-2028), og ho har vore aktiv i fleire
prosjekt finansiert av Norges forskningsråd og EU Horizon 2020.

Ho har tidlegare hatt stillingar som seniorforskar ved Nordlandsforskning
(2021–2025) og postdoktor ved University of Illinois i USA (2019-2021). For tida er
ho forskar ved Ruralis – institutt for rural- og regionalforskning – samtidig som ho opprettheld ei bistilling ved Nordlandsforskning.

CEO i The Coring Company, Frida Vonstad

Frida er grunnleggjar og administrerande direktør i The Coring Company. Ho har bakgrunn innan geoteknisk ingeniørfag, som ho studerte ved University of Oxford og University College London.

Frida starta selskapet med utgangspunkt i industrielle utfordringar ho avdekte gjennom doktorgradsforskinga si.

Praktisk informasjon

Tid: Frå lunsj til lunsj, 9.–10. april 2026

Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

Transport: Førde har eigen flyplass og gode samband med dei største byane

Overnatting: Vi har reservert rom på konferansehotellet. Her kan du sikre deg deg eit av dei (eigen konferansekode).

Meld deg på!

Dette blir årets viktigaste møteplass for alle som jobbar med eller er nysgjerrige på framtidas mineralnæring og rolla den spelar i det grøne skiftet.

Sikre deg plass og overnatting i god tid!