I Røyrvik i Trøndelag står ei lita kommune framfor fleire hundre nye arbeidsplassar når Joma-gruva kan opne att. Samstundes har regjeringa teke over planarbeidet for Fensfeltet, ei av Europas viktigaste førekomstar av sjeldne jordartar.
To saker, eitt felles spørsmål: Er norske kommunar rigga for mineralveksten som no kjem raskt og med stor tyngde? Nei, seier Gunhild Berge Stang i Hub for Minerals.
Røyrvik: Stor etablering, liten kommune
NRK har nyleg omtalt korleis Røyrvik kan få mellom 200 og 300 nye arbeidsplassar knytt til gjenopninga av Joma-gruva. For ein kommune med under 500 innbyggarar er dette ei omstilling av historiske dimensjonar. Ordføraren seier rett ut at kommunen ikkje har bustader, kapasitet eller planverk til å handtere veksten. – Vi trenger hjelp, sier ordfører Kennet Tømmermo Reitan til NRK.
Røyrvik er ikkje åleine. Fleire små kommunar står i same situasjon når mineralprosjekt går frå idé til realisering.
Fensfeltet: Staten tek styring
I Nome kommune har regjeringa vedteke statleg reguleringsplan for Fensfeltet, som inneheld ei av Europas største dokumenterte førekomstar av sjeldne jordartar. Grunnen er klar: Prosjektet er så stort og komplekst at kommunal kapasitet ikkje strekk til, og nasjonale omsyn må vegast tungt.
Fensfeltet viser at mineralprosjekt ikkje er vanlege næringsetableringar. Dei krev heilt andre rammer, ressursar og avklaringar.
Mineralkonferansen 2026: Mineral er blitt geopolitikk
På Mineralkonferansen 2026 vart det tydeleg at mineralnæringa no er ein del av europeisk sikkerheitspolitikk og industriutvikling. Europa treng trygg tilgang til kritiske mineral, og Noreg har ressursane.
Samtidig vart det peika på at planprosessane er trege, og at kommunane blir ståande med ansvar dei ikkje har verktøya til å handtere. Fleire innleiarar understreka at kommunane undervurderast i mineralpolitikken, sjølv om dei sit med nøkkelen til busetjing, areal, infrastruktur og ringverknader.
Ringverknader kjem tidleg, men krev kapasitet
Ringverknadsanalysen, som BDO gjorde av Engebø-prosjektet for Sunnfjord Utvikling, viser at verdiskapinga kjem tidleg og breitt. Over to milliardar kroner i indirekte ringverknader er allereie utløyst, og 175 kommunar i Noreg har mineralaktivitet. Potensialet er stort, men berre dersom lokalsamfunna er rusta til å ta imot utviklinga.
Podkasten «Inn til kjernen»: Staten må ta ei tydelegare rolle
I Sunniva Rose sin podkast «Inn til kjernen» med Are Tomasgard og Sveinung Rotevatn blir det understreka at mineralpolitikken må sjåast i samanheng med industri, energi og forsvar. Dei peikar på at staten må ta større ansvar i store prosjekt, og at kommunane ikkje kan stå åleine i møte med etableringar som har nasjonal betydning. Dette samsvarar med både Røyrvik-saka og Fensfeltet.
Noreg treng ein meir heilskapleg mineralpolitikk
Hub for Minerals meiner at Noreg må:
- styrkje kommunal kapasitet og kompetanse
- etablere tydelegare nasjonale rammer for mineralutvikling
- sikre betre samhandling mellom stat, fylke og kommunar
- sjå mineralnæringa som ein del av eit større geopolitisk og industrielt bilete
Mineralnæringa kan bli ei av dei viktigaste framtidsnæringane i landet, men berre dersom kommunane får verktøya som trengst for å handtere veksten. Det seier prosjektleiar for Hub for minerals og dagleg leiar av Sunnfjord Utvikling, Gunhild Berge Stang.
