Elisabet Kjerstad Bøe har jobba med grøn omstilling i snart tjue år. No har ho teke fatt på rolla som interim klyngeleiar i Hub for Minerals, og skal få den nasjonale mineralklynga opp å gå innan nyttår. Vi tok ein prat med henne om personleg driv, korleis ho vil gjere restmassar om til ressursar, og kvifor ho trur ein liten kommune på Vestlandet kan sitte på kunnskap og kompetanse som resten av landet treng i omstillinga.
KORT OM ELISABET
- Kjem frå Stryn, har budd i Bergen, Oslo, Trondheim, Paris og ein kort periode i New York før ho flytte til Sunnfjord for 15 år sidan.
- Snart tjue år med grøn omstilling, mellom anna som gründer av eige rådgjevingsselskap, prosjektleiar for nye hydrogenverdikjeder, berekraftsjef og Norgessjef i Tibber og dagleg leiar i TERRAVERA Foundation.
- Utdanna innan prosjektleiing (Master of Management, NTNU), Samfunnsvitenskap og juss (UiO/UiB), Samanliknande Politikk (UiB) og berekraftig finans (University of Cambridge).
- I tillegg til å vere interim klyngeleiar i Hub for Minerals i 30% driv ho vekstrådgjeving gjennom Fjord Impact Lab og tek på seg ulike oppdrag og styreverv for norske og internasjonale kundar.
Du har jobba med alt frå hydrogen og havbruk til straum og berekraftsdokumentasjon. Kva var det som lokka deg til mineral?
For meg heng alt dette tett saman. Eg har jobba med grøn omstilling heile yrkeslivet. Først med hydrogen og nullutslepp i fylkeskommunen, så med smart energi i Tibber og berekraftsdata i TERRAVERA.
Mineral er råstoffet som heile det grøne skiftet, men også det meste av samfunnet og infrastrukturen slik vi kjenner det i dag, kviler på. Utan minerala får vi verken batteri, vindturbinar eller solcellepanel. Og dette er ikkje ei utvikling som føregår fjernt frå oss. Engebø er den einaste granatprodusenten i Europa og ein av svært få produsentar av naturleg rutil i verda. Granat blir brukt som slipemiddel, mellom anna til vannjetskjering, medan rutil er råstoff både til kvitt pigment i måling og plast, og til titanmetall i fly og medisinske implantat. Europa importerer i dag så godt som alt av slike råvarer, så det å produsere dei her heime handlar òg om forsyningstryggleik.
Då sjansen kom til å byggje ei nasjonal næringsklynge frå grunnen av, og det i min eigen region, var det lett å seie ja. For meg er dette det same arbeidet sett frå ein ny kant. Vi skal gjere ressursar om til verdi der dei finst, og vi skal samtidig jobbe for full ressursutnytting og ytterlegare verdiskaping frå sirkulære løysingar.
Du er utdanna frå NTNU og studerte lokal samhandling for meir berekraftige energi- og industriprosjekt. Kjenner du at du kjem tilbake til utgangspunktet?
Ja, litt. Hovudessensen i studiet var at store prosjekt og industrisatsingar ikkje lukkast på teknologi åleine. Dei lukkast når kommune, sivilsamfunnet, næringsliv, forsking og forvaltning spelar på lag. Det er då ein får størst samfunnsnytte.
Denne tilnærminga har eg fått testa i praksis gjennom ei heil karriere, i ulike bransjar. No får eg gjere det med mineral, lokalt frå Sunnfjord, men med ambisjon om å bli ein aktør med nasjonal tyngde. Så ja, på eit vis er eg tilbake til utgangspunktet. Og heldigvis med tjue år meir røynsle i sekken!
Kva driv deg?
Eg vil sjå reell endring i samfunnet rundt meg. Med det meiner eg at industrien faktisk må byggast og drivast meir berekraftig i praksis; det er ikkje nok med omstillingsplaner som aldri forlet skrivebordet og debattfora.
Eg får ein eigen driv når eg ser at våre naturressursar kan utvinnast og foredlast lokalt, og særleg der vi også kan få til ei sirkulær verdiskaping, før dei tek turen ut i den globale marknaden. Verdiar og ringverknadar bør skapast der ressursane er.
Og skal eg vere ærleg, har eg lita tolmod med prat som aldri blir til handling. Eg vil sjå ting skje.
Mineralnæringa er omdiskutert. Korleis tenkjer du om dei vanskelege avvegingane?
Næringa er omdiskutert, og det skal ho vere. På same måte som energiutbygging og all annan arealkrevjande industri. Ho ber på nokre reelt vanskelege avvegingar, mellom naturinngrep og verdiskaping, mellom det lokale og det globale. Og sidan vi er ei nasjonal klynge, ser eg på heile biletet. Dei to største konfliktlinjene i norsk mineralutvikling er nok fjorddeponi og urfolks rettar. Fjorddeponi er omstridt, og Noreg er eitt av få land som tillèt det. Lenger nord støyter prosjekt mot reindrift og samiske interesser, med både konsultasjonsplikt og grunnlovsvern i botnen. Dette er reelle dilemma, og jobben vår er å bidra til å byggje kunnskap og gode prosessar, for alle interessentar i næringa.
Eg trur sterkt på at vi ikkje kan ha berøringsangst for dei vanskelege avvegingane. Får vi det, stoppar all utvikling opp.
Då blir vi sårbare for globale trendar og truslar, vi blir for importavhengige og vi går glipp av fantastiske mulegheiter til å skape lokale verdiar frå naturressursane våre.EU har svart på nettopp denne importavhengigheita med sin Critical Raw Materials Act, som skal sikre Europa meir eigenforsyning av kritiske råvarer. Noreg har mange av desse ressursane i bakken.
Så vi kan ikkje la vere å ta stilling til desse avvegingane, snarare tvert om. Men vi må gjere det skikkeleg, med god kunnskap, forutsigbare prosessar, solide avgjerdsgrunnlag og tett samhandling mellom aktørane. Ei klynge som Hub for Minerals spelar ei viktig rolle i å balansere alle omsyna som må takast.
Kva er eigentleg Hub for Minerals, og kva skal klynga gjere?
Hub for Minerals er ei nasjonal næringsklynge for mineralindustrien. Ho byggjer på ein samarbeidsavtale mellom Nordic Mining, vertskommunane Sunnfjord og Askvoll og Vestland fylkeskommune. Vi skal vere eit nav mellom næringsliv, FoU-miljø og offentleg sektor, der vi skal utvikle og dele kunnskap som viser veg mot ei meir berekraftig norsk mineralnæring. Vertskommunane vedtok alt i 2018 ein eigen mineralstrategi, ein av dei aller første i landet, så dette byggjer på eit arbeid som har gått føre seg lenge.
Vi jobbar langs fire spor. Det eine er næringsutvikling, med fokus på leverandørutvikling og verdiskaping rundt næringa. Det andre er nye utdanningsløp, noko vi skal gjere saman med aktørar som HVL og Fagskulen. Det tredje er innovasjon og FoU i verdikjedene. Til dømes har vi mål om å etablere eit nasjonalt testsenter med labfasilitetar i Sunnfjord. Og det fjerde sporet er industriell symbiose, som i praksis betyr å etablere sirkulære verdikjeder som kan redusere restmassar og dermed behovet for deponi.
I løpet av ein tiårsperiode har vi som mål å bidra til Vestland fylkeskommune sin ambisjon om 500 nye arbeidsplassar i tilknyting til mineralnæringa, 100 utdanningsplassar og full ressursutnytting.
De snakkar mykje om nye verdikjeder og restmassar. Kan du gjere det konkret?
Dette er naturleg nok det eg finn mest attraktivt med oppdraget som klyngeleiar. Det er allereie gjort undersøkingar som viser at restmassane frå Engebø, som inneheld aluminiumsilikat, er eigna som råvare i sementproduksjon saman med eit spesielt bindemiddel som industriaktøren Velde Cemonite utviklar. Det som gjer dette interessant, er at bindemiddelet er alkali-aktivert og erstattar den vanlege sementklinkeren. Det er nettopp brenninga av klinker som står for storparten av CO2-utsleppa frå sement, så her tek vi tak i sjølve kjelda til eit globalt klimaproblem.
Får vi bygd eit produksjonsanlegg i direkte tilknyting til Engebø kan til dømes Førde Sementvare lage ulike betongprodukt med vesentleg lågare klimaavtrykk enn frå vanleg sement. Og for at dette skal bli meir enn eit pilotforsøk, må produkta dokumenterast og sertifiserast mot dei same standardane som vanleg betong. Det er nettopp der eit testsenter kjem inn.
Dette er det ein «på fint» kallar for industriell symbiose; lokal verdiskaping basert på sirkulære ressursar og nye verdikjeder. Dette fenger meg fordi det er eit realistisk, konkret og tidfesta prosjekt, der nye løysingar kan konkurrere mot konvensjonelle produkt frå dag ein.
De har allereie fått ein del på plass. Kva er du mest nøgd med så langt?
Vi har fått driftsgrunnlaget på plass. Vestland fylkeskommune har løyvd fem millionar kroner for perioden 2026 til 2028, og Sparebankstiftinga og Stiftinga Drivkraft har løyvd 1,5 millionar til saman. Det betyr mykje at slike aktørar anerkjenner det vi prøvar å få til, og det gjer til at vi kan jobbe langsiktig frå start.
Mellom anna arrangerte vi den nasjonale mineralkonferansen i april i år, der vi samla 160 deltakarar frå heile landet, på tvers av kommunar, mineralnæringa, politikken, forskinga og miljøorganisasjonar.
Eg er svært nøgd med at vi fekk dekning i nasjonale medier knytt til nærings- og ringverknadsanalysen for Engebø. Den syner at prosjektet har gitt indirekte verdiskapingseffektar på 1,8 milliardar kroner i perioden 2021–2025, at om lag 455 millionar kroner har tilfalt næringslivet i Sunnfjord kommune, og at aktiviteten har gitt grunnlag for 1 400 indirekte årsverk.
Dette er viktige erfaringar å ta med seg til andre stader i landet, der kommunane skal ta stilling til mulegheitene knytt til mineralnæringa og avveginga mot miljø, lokalsamfunn og andre interesser.
Du er oppteken av samarbeid mellom kommunar med mineralprosjekt. Kvifor?
I Sunnfjord har vi noko unikt i norsk samanheng, nemleg førstehands kompetanse i den prosessen det er å utgreie og planlegge eit moderne mineralprosjekt i nyare tid. Kommunane Sunnfjord og Askvoll er vertskap for Engebø, og har vore med på heile løpet frå regulering til drift, med alt det fører med seg av mulegheiter og dilemma. Den røynsla er verdt mykje for andre kommunar som no får store mineralprosjekt i fanget.
Difor vil vi samarbeide med Direktoratet for Mineralforvaltning og andre interessentar i å byggje eit kommunenettverk. Saman med kommunar som Røyrvik, Nome, Hammerfest, Kvinnherad og andre kan vi dele erfaringar og kunnskap, og bidra til å utvikle meir føreseielege prosessar. Her ønsker eg at klynga skal vere med å ta ein nasjonal posisjon.
Du er interim klyngeleiar ut året. Korleis definerer du suksess?
Klynga skal stå støtt på eigne bein ved nyttår, med medlemmer, partnarar, eit fullfinansiert pilotprosjekt for sementproduksjon frå restmassar og eit etablert kommunenettverk.
Med ei midlertidig rolle er eg klar over at eg kanskje ikkje får gjennomført alt eg skulle ønske, og difor er min fremste ambisjon å bygge strukturar, finansiering og partnarskap som gir eit godt fundament til den tiårige satsinga.
Til slutt, kva er din viktigaste personlege eigenskap du tek med deg i arbeidet?
Er det noko vi kan i regionen her så er det å bygge industri, arbeidsplassar og verdiar frå naturressursane våre. Eg har vore med på å utvikle nye verdikjedar og næringsklynger før, så eg veit kva som krevast av timing, tålmod, kunnskap og samhandling for å få det til.
Eg bringer nok ei blanding av visjonar og struktur til bordet. Har vi gjort det før kan vi gjere det igjen! Om nokre år håpar eg mineralnæringa peikar på Hub for Minerals og seier at vi fann modellen for korleis det kan gjerast. Klarar vi det, har eg gjort jobben min.
