-

«Vi må ikkje ha berøringsangst»
Elisabet Kjerstad Bøe har jobba med grøn omstilling i snart tjue år. No har ho teke fatt på rolla som interim klyngeleiar i Hub for Minerals, og skal få den nasjonale mineralklynga opp å gå innan nyttår. Vi tok ein prat med henne om personleg driv, korleis ho vil gjere restmassar om til ressursar, og…
-

– Kommunane er ikkje klare for mineralveksten
I Røyrvik i Trøndelag står ei lita kommune framfor fleire hundre nye arbeidsplassar når Joma-gruva kan opne att. Samstundes har regjeringa teke over planarbeidet for Fensfeltet, ei av Europas viktigaste førekomstar av sjeldne jordartar. To saker, eitt felles spørsmål: Er norske kommunar rigga for mineralveksten som no kjem raskt og med stor tyngde? Nei, seier…
-

Store ringverknader frå Engebø-prosjektet: Ny analyse viser milliardverdiar og styrkt kompetanse i regionen
BDO har på oppdrag frå Sunnfjord Utvikling kartlagt dei økonomiske og sosiale effektane av etableringa og den første driftsfasen til Engebø Rutile and Garnet (ERG). Analysen viser at prosjektet allereie har skapt omfattande ringverknader, både for næringslivet i Sunnfjord og for norsk mineralnæring som heilskap. Betydelige effektar frå etableringsfasen Etableringsperioden (2021–2025) har vore prega av…
-

Hvordan sikre gode prosesser i norsk mineralproduksjon?
Av: Sondre Olsen, fungerende regiondirektør NHO Vestland Gjennom hele menneskehetens historie har mineralske råstoffer vært avgjørende for velstand og utvikling. Utvinning og bruk av mineraler har ført til stadig nye teknologisk vinninger. I dag er blant annet er litium, nikkel, kobolt, magnesium og grafitt avgjørende for batteriproduksjon. Her i Norge har vi en svært høy…
-

«Landet som ble for slapt»
Noreg er blitt eit sløvt, tilbakeskuande og på grensa til industrifiendtleg samfunn. Det skreiv nyleg Hanne Markussen Eek, konsernsjef i Franzefoss Minerals i ein kronikk i Finansavisen. Utgangspunktet for kronikken er at Noreg står midt i ei tid der tilgang på kritiske mineral og strategiske råvarer blir stadig viktigare for både industri, forsvar og grønt…
-

Kvifor EU satsar på kritiske råvarer, og kva det betyr for oss
Europa treng store mengder mineral for å bygge batteri, solceller, vindkraft og digital infrastruktur. Med Critical Raw Materials Act (CRMA) vil EU sikre at desse råvarene kjem frå trygge, berekraftige og meir kortreiste kjelder. For å lykkast med det grøne skiftet treng Europa tilgang på råvarer som litium, kobolt, sjeldne jordartar og grafitt. Desse er…
-

Norges mineralstrategi
Regjeringa la i juni 2023 fram ein nasjonal mineralstrategi som skal sikre ei berekraftig og framtidsretta utvikling av mineralnæringa. Strategien peikar ut korleis landet kan møte det aukande behovet for kritiske råvarer.

Kommunane sit med nøkkelen i mineralutvinninga
Ingen mineralprosjekt blir realiserte utan lokalt politisk fleirtal og gode kommunale prosessar. Som planstyresmakt og vertskap har kommunane stor påverknad både på lokal forankring, kvalitet og tempo i planarbeidet, og i mange tilfelle også den potensielle lokale verdiskapinga.
Kvifor er kommunane så viktige for mineralsatsinga?
Kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar avgjer om og kvar mineralverksemd kan etablerast. Utan kommunalt politisk fleirtal og administrativ planavklaring kjem heller ikkje dei statlege løyva som trengst for å realisere eit prosjekt. Samtidig er kommunane vertskap for prosjekta. Bustader, rekruttering, infrastruktur og samspel med lokalt næringsliv er forhold som påverkar om ei etablering kan lukkast lokalt.
Kommunane sit tett på folk, areal og næringsliv. Skal Noreg lukkast med mineralsatsinga, treng kommunane tilgang på nødvendig kunnskap, og aller helst kunne hauste erfaringar frå andre kommunar som har stått i det og veit kvar skoen trykker. Hub for Minerals ønsker å bidra til å formidle slik kompetanse, ut til dei kommunane som treng det, seier Elisabet Kjerstad Bøe, interim klyngeleiar i Hub for Minerals.
Sunnfjord og Askvoll er vertskommunar for Engebø-prosjektet og medstiftarar av næringsklynga Hub for Minerals. Dei får stadig forespørslar frå andre kommunar med mineralprosjekt under utgreiing om å dele erfaringar og råd.
Sakshandsaminga må halde god kvalitet og sikre ein opplyst og involverande prosess. Vår erfaring er at god samhandling mellom dei involverte aktørane i tillegg aukar potensialet for lokal og regional verdiskaping i tilknyting til prosjektet, seier ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling.
Ein aktiv kommune kan bidra til større lokal verdiskaping
Eit godt eksempel på lokale og regionale ringverknader er Engebø-utbygginga, som ifølgje ein ny rapport frå BDO har skapt om lag 1,8 milliardar kroner i indirekte verdiskaping i perioden 2021 til 2025. Av dette gjekk om lag 455 millionar kroner til næringslivet i Sunnfjord. Erfaringa viser korleis ein kommune som tenker arealforvalting i aktiv kombinasjon med eit utviklingsperspektiv, kan gje større økonomiske ringverknader og forankring lokalt. Hub for Minerals som klynge vart etablert nettopp som eit resultat av dialog og samhandling mellom utbyggar, vertskommunane og andre næringsaktørar.
Behov for eit nasjonalt kommunenettverk
Direktoratet for Mineralforvaltning har eit rettleiingsansvar overfor kommunane. Vi tok ein prat med direktør Bjarte Rambjør Heide under årets Arendalsuka, for å høyre kva verktøy dei har tilgjengeleg.
Dersom aktørane ikkje er samordna, blir forløpa både meir kompliserte og langvarige enn dei treng å vere. Ved å etablere Gruveforum vil vi samle dei som har sentrale roller i mineralprosjekt frå heile landet. Forumet skal bidra til å skape føreseielege prosessar og betre framdrift i prosjekt som er viktige for Noregs tilgang på kritiske mineral, seier Rambjør Heide.
Gruveforum er eitt av fleire grep DMF tek for effektive og føreseielege prosessar, fortel Rambjør Heide. Det blir lagt opp til fleire tverrfaglege møteplassar, mellom anna for næringa, samordningsaktørane i forvaltninga, statlege og kommunale styresmakter, urfolks interesseorganisasjonar, miljøorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar. Gjennom dette vil direktoratet ta ei tydelegare rolle som systemaktør. Ikkje berre som eit organ som handsamar søknader, men som ein aktiv tilretteleggjar for at heile systemet rundt mineralprosjekt heng saman.
Eit styrkt mandat for samordning heng tett saman med den nye mineralloven, som blei vedteken sommaren 2025 og tok til å gjelde 1. juli 2026. Lova gir mellom anna DMF ei tydelegare koordinerande rolle i saksbehandlinga, og innfører krav om tidsfristar og meir samkøyrde høyringsprosessar. Målet er å gjere mineralprosjekta meir effektive og føreseielege, utan at kravet til kvalitet og involvering blir svekt. DMF har òg utvikla Mineralkompasset, ein digital kunnskapsbase som skal gje kommunar og næring eit betre avgjerdsgrunnlag tidleg i prosessane. Rambjør Heide understrekar at dette også handlar om meir enn god forvaltning.
Tilgang på kritiske råmaterialar er avgjerande for både Noreg og våre allierte. Som systemaktør vil vi i direktoratet spele på lag med både industrien, partane i arbeidslivet, miljørørsla og lokalsamfunna for å få til ei moderne mineralnæring i Noreg, som har ringverknadar for ei berekraftig utvikling i Europa. Gruveforum skal vere ein viktig møteplass som bidreg til betre samarbeid, samordning og raskare utvikling av gode mineralprosjekt, seier Rambjør Heide.
Felles mål, utfyllande roller
Hub for Minerals og DMF har samanfallande interesser på dette området. Begge ønskjer meir føreseielege prosessar, raskare framdrift og sterkare lokal forankring i mineralprosjekt. Rollene er ulike, men skal utfylle kvarandre. DMF er fagmyndigheit og rettleiar med eit nasjonalt forvaltningsansvar, medan Hub for Minerals har eit operativt nærvær i næringa og førstehandserfaring frå ein vertskommune. Hub for Minerals ønskjer difor eit tett samarbeid med DMF om å rettleie og mobilisere kommunar som treng støtte i sine planprosessar og lokale forankring knytt til mineralutvinning.
Les mellom anna om vårt besøk i Røyrvik kommune i Trøndelag, der eit lite lokalsamfunn med 463 innbyggarar planlegg gjenopning av tradisjonsrike Joma Gruve, for utvinning av kopar og sink. Bildet under er frå gruveselskapet sitt næringslivsmøte i Røyrvik-hallen. Vi delte våre erfaringar frå leverandørutvikling i planleggingsfasen av Engebø-prosjektet, kva «fasiten» viser i form av lokal og regional verdiskaping etter etableringa, og kva samarbeidsmulegheiter som ligg i Hub for Minerals framover.



Kva er Hub for Minerals?
- Ei nasjonal innovasjonsklynge for mineral, sirkulærøkonomi og nye verdikjeder, med base i Sunnfjord.
- Bygger på ein samarbeidsavtale frå 2011 mellom Nordic Mining, Sunnfjord og Aksvoll kommune og Vestland fylkeskommune.
- Sunnfjord Utvikling hadde ansvaret for klynga i etableringsfasen frå 2024 til 2026. Klynga er no konstituert med eige styre: Kenneth Nakken Angedal (leiar), Jenny Følling (ordførar Sunnfjord) og Ole André Klausen (ordførar Askvoll). Elisabet Kjerstad Bøe er interim klyngeleiar.
- Klynga er en nøytral fasilitator av utvikling i næringa: koordinerer aktørar og mobiliserer til gode samarbeid på tvers av sektorar, geografi og verdikjeder.
- Fire satsingsområde: nærings- og leverandørutvikling, utdanning og kompetanse, innovasjon og FoU, samt å bidra til industriell symbiose (til dømes utnytting av restmassar frå mineralutvinning).